Investornytt
  • Logg Inn
  • Registrere
  • Forsiden
  • Aksjer
    • Aksjer
    • Analyse
  • Investor
  • Olje & energi
    • Trading
      • Opplæring
      • Trading
      • IN Discord
    • Råvareskolen
    • Oljerapporter
  • IN Live
  • Annonsørinnhold
  • Krypto
    • Krypto
    • Kryptokurser live
  • Om oss
  • Bli medlem
    • Medlemsfordeler
Inget resultat
Vis alt resultat
Investornytt
Hjem Investor

Så dyrt vert det å ikkje sikre hus og vegar mot flaum

Gemini av Gemini
03.08.2022
i Investor
Lesetid:3 mins read
Så dyrt vert det å ikkje sikre hus og vegar mot flaum

Mange kommunar lurer på kva det kostar å sikre seg mot flaum og ras. Eit vel så viktig spørsmål er: Kva kostar det å ikkje sikre seg? Foto: Jomar Bergheim/NVE

Snart får kommunane betre hjelp til å forstå kva ein flaum eller eit skred faktisk vil kosta. Ein ny modell reknar ut samla kostnadar ved klimahendingar. Med data frå forsikringsselskapa kan modellen bli endå betre.

Kronikk:

Eivind Lekve Bjelle
Forsker i SINTEF Community
 
Eli Sandberg

Forsker, SINTEF Community

Berit Time
Sjefforsker, SINTEF Community

Klimaendringar fører til store kostnadar for samfunnet. Kostnadane kan vere direkte, som når ein må bygge opp att hus og vegar som vert tekne av ras eller flaum. Eller dei kan vere indirekte, som når ei avling vert øydelagt av flaum, og me må importera tilsvarande mengde korn frå andre land.

Manglar kunnskap om kostnadar

Det er gjort mykje arbeid for å forstå kva område i Noreg som er mest utsette for klimarelaterte hendingar. NVE sine faresonekart for flaum og skred er døme på dette. Fylke og kommunar sit og med kunnskap og kart som viser utsette område.

Likevel er det ei viktig brikke som manglar, nemleg det fulle biletet av direkte og indirekte kostnadar når kommunen og fylket vert ramma av flaum eller skred. Der slike verktøy finst, melder brukarar at dei er vanskelege å navigera i. Det har me ynskja å gjera noko med i forskingssenteret Klima 2050 og innovasjonsprosjektet SamVann.

Me byggjer ein modell som estimerer detaljerte kostnadar for over hundre ulike bygningstypar, veg og veginfrastruktur i tillegg til landbruksareal. Ved å bruka offentleg tilgjengeleg data på høgde, hellingsgrad, bygningar, vegdata frå nasjonal vegdatabank og jordbruksområde har me eit godt grunnlag for å estimera kostnadsbiletet ved til dømes ein flaum.

Modellen kan rekne ut kostnadar for alle typar flaumhendingar. Til no har me basert oss på NVE sine flaumsonekart for å kartleggje bygningar, område og infrastruktur som vert påverka av ein flaum, og dette er grunnlaget for kostnadsutrekningane. Kostnadsutrekningane baserer seg per i dag på tilgjengelege estimat frå nytte-kostnadsverktøy, som ofte igjen baserer seg på statistikk på byggekostnadar.

Bli medlem for å lese alt innhold på Investornytt! Klikk her for å se våre kampanjer

Enkel å bruke

For å gjere modellen meir brukarvenleg har me og laga eit grensesnitt der brukaren vel kva kommune, hending og infrastruktur ho vil rekna ut kostnadar for. Modellen koplar seg opp mot relevante datakjelder for området, samanstiller data, reknar ut og lagar illustrasjonar. All kode relatert til modellen køyrer i bakgrunnen når brukaren trykker på «Rekn ut kostnadar». Brukaren slepp dermed å sette seg inn i koden, og  terskelen for å bruka modellen vert so låg som mogleg. Når utrekninga er ferdig, får brukaren ut ulike kartillustrasjonar og kostnadsestimat.

I tillegg får brukaren detaljerte, interaktive kart over alle dei råka objekta og ein grafisk framstilling av kostnadsestimata.

Forbetra kostnadsestimat med forsikringsdata

Modellen er utvikla over fleire år og vart i utgangspunktet utvikla for bygg og infrastruktur i Trondheim kommune. Den vert framleis utvikla og vil i løpet av året kunna køyrast for alle kommunar i Noreg. På sikt vil modellen og kunne rekne ut kostnadseffekt av å gjennomføra klimatilpassingstiltak.

Den viktigaste utviklinga er likevel å forbetra kostnadsestimata. I dag er desse estimata basert på byggekostnadar frå eksisterande nytte-kost-verktøy, og i liten grad erfaringstal. Me arbeidar for å få tilgang til og bruke forsikringsdata på skadar for enkeltbygningar. Når me veit nøyaktig stad og tidspunkt for tidlegare skadar, kan terrengdata (helling og høgde over havet), vêrdata (nedbør og vind) i tillegg til hydrauliske data som høgde på flaumvatn, hastigheit og varigheit på vassføring, nyttast til å forbetre modellen med estimat for kvar enkelt bygning eller veg. Dette vil vera eit stort steg fram frå dei forenkla kostnadsestimata som ligg i modellen no.

Difor nyttar me sjansen til å oppfordra forsikringsbransjen og andre som sit på aktuelle data til å dela desse. Ikkje berre vil dette bidra til at kommunar og fylke får betre estimat for kva klimaendringar vil kosta dei, men i tillegg vil alle, frå bustadeigarar, bank og forsikring til kommune og fylke, kunna tilpassa seg ei framtid med eit usikkert klima. Samfunnssparingane dette utgjer kan vera enorme.

Denne kronikkens ble først publisert i Kommunal rapport, deretter på Gemini.no før den ble publisert på Investornytt.

Picture of Gemini

Gemini

Mer fra Gemini

Relatert Innlegg

(+) Hvordan styrke kundeforholdet ditt hos Rolex-forhandlere?
Investor

Slik kjøper du din første luksusklokke brukt 

24.05.2025
Medistim leverer rekordresultater og sikter høyt tross global usikkerhet
Investor

Medistim leverer rekordresultater og sikter høyt tross global usikkerhet

09.05.2025
Zwipe AS konkurs: Styret ser ingen annen utvei
Investor

(+) Høydepunktene fra dagens kvartalsrapporter

08.05.2025
Neste innlegg

Dette skjedde i natt

Investornytt AS
Org. nr: 927 214 296
© 2022 - Drift og vedlikehold av Seal Media AS

  • Alle henvendelser: kontakt@investornytt.no
  • Om oss
  • Abonnement
  • Personvern
  • Vilkår
  • Presse
  • Bidra

Innholdet på Investornytt representerer ikke Investornytt AS´ meninger, men er forfatterenes egne subjektive ytringer. Innholdet på Investornytt skal ikke sees som finansielle råd. Aksjehandel, kryptovaluta, kryptokunst og all form for trading er svært risikabelt og du kan i verste fall tape mer enn du har investert. Alle må gjøre sine egne vurderinger og ikke handle basert på informasjon på Investornytt.

Velkommen tilbake!

Logg inn på kontoen din nedenfor

Glemt passord? Melde deg på

Opprette ny konto!

Fyll ut skjemaene nedenfor for å registrere deg

Alle felt må fylles ut. Logg Inn

Hent passordet ditt

Vennligst skriv inn brukernavnet eller e-postadressen din for å tilbakestille passordet ditt.

Logg Inn
Investornytt
Administrer samtykke
For å gi de beste opplevelsene bruker vi teknologier som informasjonskapsler for å lagre og/eller få tilgang til enhetsinformasjon. Å samtykke til disse teknologiene vil tillate oss å behandle data som nettleseratferd eller unike ID-er på dette nettstedet. Å ikke samtykke eller trekke tilbake samtykke kan ha negativ innvirkning på visse egenskaper og funksjoner.
Funksjonell Alltid aktiv
Lagring av data eller tilgang er nødvendig for å kunne bruke en spesifikk tjeneste som er eksplisitt etterspurt av abonnenten eller brukeren, eller kun for elektronisk kommunikasjon.
Preferanser
Lagring av data eller tilgang er nødvendig for å lagre preferanser som ikke er etterspurt av abonnenten eller brukeren.
Statistikk
Lagring av data eller tilgang benyttes kun til statistikk. Lagring av data eller tilgang brukes utelukkende til anonyme statistiske formål. Uten en stevning, frivillig samtykke fra din internettleverandør eller en tredjepart, kan informasjon som er lagret eller hentet for dette formålet alene vanligvis ikke brukes til å identifisere deg.
Markedsføring
Lagring av data eller tilgang er nødvendig for å opprette brukerprofiler for å sende reklame eller for å spore brukeren på en nettside (eller over flere nettsider) for lignende markedsføringsformål.
Administrer alternativer Administrer tjenester Administrer {vendor_count} leverandører Les mer om disse formålene
Se preferanser
{title} {title} {title}
  • Logg Inn
  • Melde deg på
  • Handlevogn
Inget resultat
Vis alt resultat
  • Forsiden
  • Aksjer
    • Aksjer
    • Analyse
  • Investor
  • Olje & energi
    • Trading
      • Opplæring
      • Trading
      • IN Discord
    • Råvareskolen
    • Oljerapporter
  • IN Live
  • Annonsørinnhold
  • Krypto
    • Krypto
    • Kryptokurser live
  • Om oss
  • Bli medlem
    • Medlemsfordeler
Er du sikker på at du vil låse opp dette innlegget?
Lås opp venstre : 0
Er du sikker på at du vil si opp abonnementet?